*


27 februar 2019




Anita Skippervik:

Norske granskingsmetodar i barnevernsaker held ikkje internasjonal standard


I det siste har det kome rapport frå Helsetilsynet som statens svar på gransking av barnevernet. I fleire kommuner har dei laga eit mandat og teke ein revisjonsrapport. Helsetilsynet gjer årleg visse kontroller med barnevern og fylkesmannen lukker avvik på avvik.

Likevel er det ei gruppe som ikkje får være med, og det er dei som er utsett for lovbrota barnevernet gjer.

I fleire saker for Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) er det slått fast at å ikkje intervjue/avhøyre den private part utgjer eit brot på menneskerettskonvensjonen (EMK), både artikkel 6 og 3. Likevel meiner staten at den gjer ein god og skikkeleg jobb med å granske barnevernet – med avgrensa mandat og utan å la privat part delta. 

EMD har hatt mange saker oppe om ulovleg maktutøving der vilkår for gransking fragmentarisk er vurdert.

I Bouyid v. Belgia frå 2015 (premisser 115 - 123) har EMD satt opp konkrete krav for etterforsking/gransking som må være tilstades for ikkje å være konvensjonstridig og i Hentschel og Stark v. Tyskland frå 2017 (premiss 79) er desse gjenteken i tillegg til at det blir slått fast at dette ikkje berre gjeld på strafferettens område, men også andre områder for offentlig myndighet. 
 
I ein nyleg avsagt EMD dom Gablishvili og andre v. Georgia (no. 7088/11) frå 21 februar 2019, som handler om ein annan type maktmisbruk – fysisk vald frå fengselsbetjenter ved eit rømningsforsøk, konkluderte EMD med at det var manglande etterforsking i spørsmålet om fengselsbetjentene hadde utøvd kriminelle handlinger. Det å ikkje intervjue klagerne, og berre fengselsbetjentene, for så å henlegge saka, var ikkje god nok etterforsking. Dette konkluderte EMD med at er brot på EMK artikkel 3. 

Frå dommen:

68. It is also apparent from the prosecutor’s decision to terminate the criminal investigation that the conclusions were only based on the testimony given by the prison officers involved in the incident. The prosecutor accepted the credibility of the prison officers’ statements without giving any convincing reasons for doing so, despite the fact that those statements might have been subjective and aimed at evading criminal liability for the purported ill-treatment of the applicants. The credibility of the prison officers’ statements should have been questioned, as the investigation was supposed to establish whether they were liable to face criminal charges (see Ognyanova and Choban v. Bulgaria, no. 46317/99, § 99, 23 February 2006, and Antipenkov v. Russia, no. 33470/03, § 69, 15 October 2009). Furthermore, the questioning of the arresting officers was superficial. Having examined the substance of their statements, the Court notes that all of them made formulaic statements to the effect that they had not participated in any illtreatment and the physical force they had used to arrest the applicants had been necessary (see Dvalishvili, cited above, § 49, and Buntov v. Russia, no. 27026/10, § 131, 5 June 2012). It is also noticeable that notwithstanding the strong probative value that forensic medical evidence normally attracts, the investigation did not even attempt to seek corroboration through it (see Dvalishvili, cited above, § 48).

I premiss 67 vart det også vektlagt at ein rask reaksjon gjennom granskinger er eit krav for å oppretthalde allmenheita si tillit, for å tilfredstille lovkrav, og for å hindre hemmelige avtaler og toleranse for ulovlege handlinger. Det at det tok lang tid før det vart gjennomført ei offisiell gransking kunne ikkje retten oversjå.

67. Furthermore, as the Court has emphasised on many previous occasions, a prompt response by the authorities in investigating allegations of ill-treatment may generally be regarded as essential in maintaining public confidence in their adherence to the rule of law and in preventing any appearance of collusion in or tolerance of unlawful acts (see Bouyid, cited above, § 133, and Mocanu and Others, cited above, § 323). In the instant case, notwithstanding the fact that the authorities promptly arranged a forensic examination of the applicants’ injuries, even if it was not unproblematic, the Court cannot overlook the length of time it took before an official investigation got under way and statements from pertinent witnesses were obtained (see paragraphs 18-24 above; see also Identoba and Others v. Georgia, no. 73235/12, § 66, 12 May 2015, and Timurtaş v. Turkey, no. 23531/94, § 89, ECHR 2000VI). Thus, the investigation fell short of the relevant standards in this regard as well.

 
*

Tilbake til gransking av barnevernet.

Mange har meldt barnevernet til politiet, jf straffeloven §§170-175, og fleire har forsøkt, men vorten avvist. Ut i frå kva som er kjent for meg henlegger politiet denne type saker utan etterforsking. For desse sakene er det heilt klart at det må gjelde like krav som det EMD stiller opp i dei ovanfor nemnte sakene. Dette gjer at EMD sine granskingskrav også gjeld for granskinger der myndigheitene motvillig oppnemner granskinger etter påtrykk frå mange ofre. Staten har somla i mange år, og berre nytter seg av avgrensa mandat som svar på å oppretthalde ållmenheita si tillit eller forsøke på å gjennopprette den og møte internasjonal kritikk. Dette særleg ved at granskingane ikkje inneheld dei alvorlege påstandene, ikkje involverer privat part, men legg ukritisk til grunn barnevernet sine uttalingar og dokumenter. På denne måten opprettheld staten toleranse for ulovlege handlinger frå barnevernet, og alle følgjefeil i dei vidare instansane. Utad framstiller dei å ha gjort noko med utfordringane og toleransen for ulolvege handlinger utan å reparere enkeltsakene.

Dersom ei slik sak kjem inn for EMD med denne type problemstilling trekk avgjerdene i sterk retning for at Noreg, statens helsetilsyn, Fylkesmannen og det norske politikorps vil bli dømt for brot på EMK artikkel 3.»



**
 



Helsetilsynets rapport:

Det å reise vasker øynene
Januar 2019


Kommentar som kommer inn på et av de samme spørsmål:

Olav Terje Bergo:
Selvpålagt blindhet hos tre barnernsforsvarere
20 februar 2019




*