*


26 februar 2018




Anita Skippervik:

La oss ordne opp i det stille, slik at ingen merker det!

    Staten Noreg trur at å førebygge er nøkkelen til alt, men å ta ansvar for og reparere brot på artikkel 3 som allereie har ramma den einskilde er staten for arrogant til! 
    
– Det er utanfor Sivilombodsmannen sitt mandat gitt av Stortinget.

 
Bruk av tortur, nedverdigande og umenneskeleg behandling har blitt sett på som eit svært alvorleg lovbrot allereie ved Christian den 5s lov i 1687, og med total avskaffing med at «pinlege avhør ikke må finne sted» i Grl. § 96. 
 

Art 3.  Forbod mot tortur
«Ingen må bli utsatt for tortur eller for umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff.» *

Utgangspunktet er at ein person må tole ei viss subjektiv belastning i ei undersøking frå det offentlege. EMD** har skildra at artikkel 3 krev at den smerta eller audmjukinga som blir påført, må gå utanfor «det som ligger innanfor en legitim handling eller straff» Jf. Kudla mot Polen, dato 26.10.2000 publisert RJD 2000 –XI s. 197.

Ordlyden viser likevel til tersklar for kva det offentlege ikkje kan tråkke over og er absolutte. Ei naturleg forståing av ordlyden er at kvar av desse vilkåra er alternative og dermed sjølvstendig, slik at det er innbyrdes gradsforskjellar mellom dei. Omsynet/føremålet bak denne føresegna er at mykje makt utgjer ein betydelig helserisiko når den overstig visse smertetersklar, slik at ei krenking av EMK* artikkel 3 omfattar så vel psykisk som fysisk smerte.

Det vil være for inngåande med ein uttømmande gjennomgang av innhaldet og tersklane her, men eg vil likevel seie at tersklane varierer med ein del vurderingsmoment som ein person sin livsituasjon, alder, om den har psykiske eller fysiske lidingar, lengda av inngrepet/a, kvantum med konkrete omstende som isolert sett er av mindre betyding, men kumulativt overstig smertegrensene, for å vurdere spørsmålet om den aktuelle maktbruken ikkje har gått utover kva som var strengt nødvendig slik at smertegrensene i EMK artikkel 3 er overskridne. 


EMD's praksis 
Eg vil trekke fram ein dom frå Den europeiske menneskerettsdomstolen som omhandlar temaet avhøyrsmetodar, Nord-Irland mot Storbritannia datert 18.01.1978, publisert A25(1978). I denne dommen blei det konstantert at dei metodane dei britiske politisoldatane hadde brukt under avhøyr av IRA-fangar krenka EMK artikkel 3 som nedverdigande behandling.

Poenget i dommen her er at EMD slo fast at sjølv om avhøyrsmetodane ikkje direkte førte til fysiske skader, førte dei i det minste til ein så alvorleg fysisk og psykisk belastning som også førte til at den avhøyrde blei brakt i ein akutt forvirringstilstand under avhøyr.

EMD konkluderte at dei var nedverdigande fordi metodane var eigna til å skape angst, frykt og mindreverdskjensle hos den avhøyrde, på ein måte som verka audmjukande og fornedrande og eventuelt var eigna til å bryte ned den fysiske og psykiske motstandskraft.
 
I ei anna sak, Falch mot Tyskland pkt. 76, var tvangsbruken med å sette ei sprøyte med oppkastmiddel i halsen sett som for mykje maktbruk og EMK artikkel 3 overskriden sjølv om medisinske tvangsinngrep ikkje i seg sjølv er forbode. Dette fordi handlinga ikkje var einaste måte å få provet på i det det ville komme naturleg ut av seg sjølv og det var difor ikkje kvalitativt grunnlag for inngrepet. Hendinga var eigna til å forårsake ei kjensle av frykt og hjelpeløyse hos den som blei utsett for det.

Saka illustrerer også tydeleg korleis eit offentleg tiltak tar utgangspunkt i det lovlege, men passerer likevel grensa for det lovlege gjennom konkrete handlingar som isolert sett er av mindre betyding, men som i eit kumulativt perspektiv likevel fører til at maktbruken må bli vurdert som ulovleg. 
 
I Kurt mot Tyrkia (25.05.1998, RDJ 1998 s.1152) var EMK artikkel 3 krenka i forhold til mor ved at ho blei halde i uvisse om sonen sin skjebne etter at han var blitt pågripen av tryggleikstyrker. 
 
I Öcalan mot Tyrkia (12.03.2003, (2003)37 EHRR 10 s.238) var det den kvalifiserte engsting og uvisse som følgde av at han var blitt dømt til døden etter ei «unfair» rettargang og risikoen for fullbyrding som var det umenneskelege. 
 
Felles for desse er at den psykiske tyngsla overstig den tyngsla som kan bli akseptert frå det offentlege. Å nytte seg av metodar for å bryte ned ein person sin psykiske og fysiske motstandskraft er i strid med artikkel 3 om tortur, umenneskeleg og nedverdigande behandling. Ein veit at slike metodar som institusjonane nyttar fører til forvirringstilstand, isolasjon, psykiske lidingar og sjølvskading som uttrykk for si smerte ved å bli behandla slik.
 
Noreg meiner tydelegvis at brot på artikkel 3 ikkje finn stad innafor eigne grenser. Rapportane frå sivilombodsmannen syner at det systematisk skjer brot på artikkel 3 utan at dei som er råka får si rettstryggleik og reparasjon. 
 
Besøk og rapporter
Sivilombudsmannen, (oppdatert)


-----

* Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen

** Den europeiske menneskerettsdomstolen




*