*


10 juni 2016




Marta Straume:
Barnevern på Karl Johan


•••
Innlegget sto på trykk i Vårt Land den 8 juni 2016. Det er publisert her med forfatterens velvillige samtykke. Forfatteren er bosatt i Bergen.
•••


Etter å ha lese Trygve W. Jordheim si ytring "Barnevernskonspirasjonen" (Vårt Land 1. juni), kjenner eg trong til å ta til motmæle. Som fostermor og lærar i grunnskule og høgskule, tenkte eg alltid tidlegare: "Når barnevernet grip inn, har dei nok ein god grunn for det." Eg har fått sjå at det kan vera sant, og det kan vera frykteleg feil. Truleg har ikkje Trygve W. Jordheim slike erfaringar.

I lang tid har eg følgt nokså mange ulike familiar i fleire landsdelar, der barnevernet har misforstått si rolle og fremja sak for Fylkesnemnda om omsorgsovertaking. Når både Fylkesnemnda og rettsvesenet har større tillit til barnevernet sine utgreiingar enn til det dei vitna som kjenner foreldra, kan forklara, har jeg sett søsken (etnisk norske) bli spreidde i fosterheimar langt frå kvarandre til uboteleg skade for alle.

Når born og foreldre har blitt krenka av maktapparat med rett til å definera, er det ikkje rart om dei finn saman på Karl Johan og skrik. Mange av desse har sete åleine og gråte i heimane sine i mange år.

Ver så snill: Ikkje krenk desse menneska endå meir ved å kritisera måten dei ytrar seg på. Vi får ikkje gjort noko godt ved å kritisera dei som skrik.

Vi treng eit barnevern, men ikkje det "barnevernet" som går i skyttargraver med definisjonsmakta si.


**
  


Trygve W. Jordheim:
Den skadelige barnevernskonspirasjonen
Vårt Land, 31 mai 2016

Marianne Haslev Skånland:
Avisen Vårt Land igjen – oppsatt på å "tro", og ivrig
etter å skade dem som allerede er mishandlet

1 juni 2016




*