*




4 september 2019





Øyvind Røen, varaordførar i Samnanger:

Innlegg ved kommunestyremøtet i Samnanger 22 august 2019 om gransking av barnevernet


• • •
Innlegget kan sees og høres på videoopptaket fra kommunestyremøtet, fra tidspunktet 12:25 på videoen:
"Samnanger kommune – Kommunestyremøte 22.08.2019"
Videoopptak av møtet. Én sak er til behandling: Barnevernet 
    Det ble også lagt ut på nettet i facebookgruppen For Samningar: Ope politisk forum den 26 august.
    Innlegget er publisert her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • •



Eg har vorte oppmoda om å leggja ut innlegget mitt i kommunestyret sist torsdag – i saka om gransking av barnevernet.

Eg plar ikkje snakka om eigne følelsar på talarstolen i kommunestyret, men i dag gjer eg eit unntak. Eg vil seia at eg står her sterkt blanda kjensler. Eg deler sjølvsagt gleda familiane har over at ein slik rapport som me skal handsama i dag, endeleg har kome.

Men «rettferda si kvern mel langsamt», heiter det i ein variant av eit gammalt gresk ordtak. Det høver dessverre altfor godt i denne saka som me har på bordet i dag. Dei familiane som er omtala i rapporten, har venta altfor lenge på at rettferda skal sigra og sanninga skal koma fram.

Difor blandar gleda seg med sorg over det som har skjedd – ikkje berre over at det har teke lang tid, men sjølvsagt mest pga. av det som rapporten skildrar. Det gjer rett og slett vondt å lesa denne rapporten. Det som er skrive om den eine saka, er nok i stor grad ei stadfesting av det eg visste frå før. Men den andre saka hadde eg mindre kjennskap til, og det gjer eit sterkt inntrykk å lesa om framferda til vårt eige barnevern gjennom så mange år.

Manger seier at no må verta ferdig med desse sakene. Me må leggja alt dette bak oss. Det er eg einig i. Men det må leggjast til at for dei involverte familiane er det framleis ein lang veg å gå. Her er det menneske som i lang tid vil måtta kjenna på konsekvensane av det som har skjedd.

Me andre har no eit grunnlag for å lækja nokre sår som bygda har levd med iallfall dei siste 6 åra. I dag kan kommunestyret ta sin del av dette med be om orsaking for det som har skjedd.

Men mange vil likevel sitja igjen med spørsmålet: Korleis kunne dette skje? Eg skal ikkje prøva å drøfta dette spørsmålet her, men eg trur me gjer feil viss me no feiar alt under teppet utan at me prøver å forsikra oss om at noko slikt ikkje skal skje igjen. Og då tenkjer eg ikkje berre på at me må unngå tilsvarande barnevernssaker. Me må òg for alt i verda unngå at menneske i vår kommune vert overkøyrde og nedverdiga på ein slik måte – same kva samanheng det er snakk om.

Ein del av spørsmålet om korleis dette kunne skje, er rolla til barneverssystemet utanfor Samnanger kommune: Korleis kunne desse sakene som kom frå barnevernet i Samnanger, flyta igjennom systemet utan at fylkesnemnd og domstolar reagerte? Eg har ikkje noko svar på dette spørsmålet, men eg håpar at det òg er folk og institusjonar utanfor Samnanger som ransakar si eiga rolle. Og eg håpar at denne rapporten frå Samnanger – i lag med mange andre saker – kan vera grunnlag for ein kritisk gjennomgang av heile barnevernssystemet, og at dette munnar ut i ei god reform.

Eg skal ikkje gå mykje inn på sjølve rapporten, men eg vil kommentera ei utsegn som folk har kome med den siste veka: Korleis kan det ha seg at denne nye rapporten er så annleis enn rapporten frå 2013. Det er fleire svar på det spørsmålet. For det første er dei to rapportane slett ikkje så ueinige. T.d. kritiserer òg rapporten frå 2013 at barnevernet ikkje vurderte hjelpetiltak og plasseringar i nærmiljøet. Men det er òg viktig å seia at den nye rapporten går mykje grundigare inn i desse to spesielle sakene og har eit betre grunnlag for å dra konklusjonar om desse. 2013-rapporten hadde eit breiare perspektiv og bygde t.d. på granskingar av internkontrollsystemet og barnevernskontoret sitt tilhøve til andre offentlege instansar.

Ein del av dei som har uttalt som den nye granskinga, har nytta sjansen til skriva desse sakene på småkommunekontoen. BT skreiv om dette på leiarplass. Dei store feilgrepa i Samnanger skjedde fordi kommunen er for liten til å ha sitt eige barnevern. No har me rett nok gjeve barnevernet vårt over til Bergen kommune, og det var nok rett å gjera etter hendingane i 2013. Men ein må òg ta med seg at barnevernet gjer feil også i store kommunar. Det veit dei som har følgt med i media dei siste åra. Eg trur at med eit så lukka system som barnevernet, utanfor demokratisk kontroll, er det alltid ein reell fare for at ueigna personar kan gjera stor skade. Dette gjeld anten kommunen er liten eller stor.

Og så må ein sjå på den positive sida her: Samnanger har no som ein liten kommune teke ansvar og prøvd å rydja opp det som har vore gjort. Bergen har aldri kome i gang med granskinga av dei 10 sakene det vart gjort vedtak om der.

I dag er det all grunn til å seia takk til ordførar og rådmann. Dei var villige til å høyra på dei involverte familiane og historiene deira – utan å avvisa det dei høyrde, med at det var subjektivt og emosjonelt – og utan å stola blindt på vurderingane som barnevernet hadde gjort tidlegare. Det kravde mot til å gå inn i dette når dei visste korleis me som var involverte i 2013, hadde vorte stempla nærmast som uansvarlege bråkmakarar. «Gatas parlament» vart me kalla frå talarstolen i kommunestyret. Så me må i dag berre vera glade for at det moralske kompasset er i orden hos den øvste politiske og administrative leiinga i kommunen.

Så må kommunestyret sjølvsagt òg retta stor takk til dei to granskarane som har gjort eit solid arbeid – og det er viktig å seia: Heilt utan påverknad frå politisk og administrativ leiing i kommunen.

Eg håpar at kommunestyret kan gjera eit samrøystes vedtak i dag. Det fortener både bygda og familiane.






**


Om Samnanger-sakene se også



Fra 2019

Erene Solsvik Bruvik:
Avisa Dagen og barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

Marianne Haslev Skånland:
Samnanger med fantastisk innsats mot overgrep fra barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

*

Møteinnkalling og granskingsrapport i barnevernssak - Samnanger kommune

Her er opptaket fra kommunestyremøtet:
"Samnanger kommune – Kommunestyremøte 22.08.2019"
Videoopptak av møtet. Én sak er til behandling: Barnevernet 
Samnanger kommune – Kommunestyremøte 22.08.2019 på youtube, 22 august 2019

Nettside:
For Samningar: Ope politisk forum
Facebook

Ny rapport: Samnanger kommune brøt barnevernloven – vil gi tre barn oppreisning
nrk Hordaland, 15 august 2019

Ny gransking avslørte alvorlige feil i to barnevernssaker i Samnanger
Bergens Tidende, 15 august 2019

Ny gransking i Samnanger
Bergens Tidende, 22 februar 2019




Noen artikler etc fra 2013-15

Marianne Haslev Skånland:
Hvem vurderer barnevernet i Samnanger riktig? – Folkefornuft mot politisk og byråkratisk galskap
Vedlagt innlegg, artikler og brev av Erene Solsvik Bruvik, Stein Birger Haga, Knut Inge Røen og Gottfred Haga
7 mars 2013

Granskere frikjenner barnevernet
Fontene, 7 januar 2014, oppdatert 27 august 2015

Forsøkt brukt til å fjerne barn fra mor
Bergens Tidende, 12. februar 2013

Viste mistillit til barnevernet med fakkeltog
nrk Hordaland, 12 februar 2013

Bilder fra fakkeltoget, tatt av Bjørn Arve Meyer, som tillot dem brukt i det vi publiserte om Samnanger-saken i 2013:
Bilde 1   Bilde 2   Bilde 3   Bilde 4   Bilde 5   
Bilde 6   Bilde 7   Bilde 8   Bilde 9

Knut Inge Røen:
Ordføraren vår feilfri i barnevernssaka?
sett herifrå, 25 mars 2013

Rådmann beklager etter refs
Bergens Tidende, 17 april 2013

Ber barnevernsleiar ta permisjon
Bergens Tidende, 19 april 2013




*