*

10 mars 2023
 
 

 
Om Samnanger kommunes pressemelding i anledning av forlik av erstatningssak
 

• • •
Innleggene ble publisert i lokalvisen Samningen den 9 mars 2023.
De er trykket her med forfatternes sjenerøse samtykke.
• • •
 
 
 
Edvin Bolstad:
 
Eg vart sjokkert
 
Må seia at eg vart sjokkert då eg las pressemeldinga frå Samnanger kommune. Eg lurer på om dei hadde "gløymt" at dei refererte frå ei lukka rettssak? Det var kommunen sjølv som ønskte å lukka retten for pressa. Det fekk dei gjennom ved å kalla erstatningssaka ei barnevernssak.
 
Eg vil vita: Kven har gjeve Samnanger kommune løyve til å leggja ut opplysningar om meg og borna mine i denne pressemeldinga? Dette er brot på teieplikta.
 
Eg vil og at Samnanger kommune legg fram bevis for "omsorgssvikt i 25 år" .
 
Samnanger kommune overtok omsorga for tre av borna mine i 2005. Den eldste av dei var då 15 år. For tida etter det ligg det føre ein knusande rapport om "omsorga" borna fekk under barnevernet i Samnanger. Det er dette erstatningssaka handlar om.
 
Når Samnanger kommune hyrer inn to advokatar frå advokatfirmaet Elden i tillegg til kommuneadvokaten, er det vanskeleg å tolka det annleis enn at dei vil sjå bort frå granskingsrapporten. Måten dei gjorde det på, var å henta fram udokumenterte påstandar frå den tida familien bodde i såkalla "andre kommunar" (for over 20 år sidan). På bakgrunn av det, føreslo dommaren forlik etter to dagar i retten. Dette til tross for at det var avsett tre veker til denne saka.
 
For borna sin del, såg eg inga anna løysing der og då, enn å gå med på forlik. Retten fekk såleis ikkje høyra vitna mine eller sjå granskingsrapporten. Eg må spørja: Kvar er rettstryggleiken for borna mine, og korleis kan eg sikra meg mot karakterdrap? Då eg budde i såkalla "andre kommunar", måtte eg gå til politiet for å få attest på at eg ikkje var narkoman, slik ryktet gjekk. Eg måtte også gå til veterinær for å avkrefta ryktet om at eg var dyreplagar. Eg har også dokumentasjon på det borna mine har opplevt under barnevernet i Samnanger.
 
Me trekte ikkje saka slik Samnanger kommune framstiller det i pressemeldinga. Samnanger kommune har heller ikkje vunne erstatningssaka, slik ein kan få inntrykk av i pressemeldinga.
 
Eg kjem til å følgja dette vidare opp.
 
Eg kan motbevisa påstandane kommunen kom med i retten. Om kommunen kunne føra bevis for desse grove påstandane, burde eg vore fengsla for lenge sidan.
 
Kanskje det er på tide at eg legg fram bevisa eg har på dei grove overgrepa borna mine vart utsette for under barnevernet i Samnanger, i eit møte med kommunestyret? Borna mine er påførte skadar som dei må leva med resten av livet.
 
Eg legg ved eit sitat fra kommunen til retten:
"For de av saksøkerne som har erstatningsrelevante skader, (... ), blir spørsmålet om en eventuell uaktsomhet fra barnevernet har vært en nødvendig betingelse."
 
Kommunen hevda og at erstatningskrav er forelda etter tre år, samstundes som dei sjølve dreg fram over 20 år gamle udokumenterte påstandar for å hindra at borna får det dei har rett på for sine "erstatningsrelevante skadar". Dei meinte også at overgrepa, m.a. tvang og tvangsmedisinering under "omsorga" av barnevernet i Samnanger, var nødvendig pga. omsorgssvikt i heimen. Retten fekk aldri høyra borna sine vitnemål om det. For min eigen del bidreg kommunen til at ryktespreiinga gjennom erstatningssaka kjem til å forfølgja meg heile livet.
 
Det er mykje meir å seia om Samnanger kommune si handtering av erstatningssaka og pressemeldinga i etterkant. Det vil eg koma tilbake til ved eit seinare høve.
 
 
Hilsen en kampvillig far for rettferdighet.
Edvin Bolstad
 
 
**
 
 
 
Kristine Bolstad:
 
Skal eg si takk?
 
Eg vil takke Samnanger kommune for å latterliggjøre livet de har ødelagt for oss i så mangen år og i tillegg bryte taushetsplikten sin.
 
Ikke nok med det så mener Samnanger kommune at det har vert omsorgssvikt i 25 år? Noe som overhode ikke går.
 
Takk til Samnanger kommune for at eg i dag må sitte med panikk-angst / -lidelse, for alt mareritt vi har måtte tåle!
 
Takk for at eg har måtte se mine søsken og far lide.
 
Takk for at dere er skyld i at eg ikke klarer å gå i arbeid / skole.
 
Eg har ikke ord for hva dere har uttalt dere om! Eg kan kun snakke for meg selv, men det som har blitt gjort i denne kommunen er ikke tilgivelig.
 
Vi får aldri tilbake de årene dere har tatt fra oss! Hadde alle kunne fått sett de dype spor Samnanger kommune har laget, og de er langt ifra noe god! Selv om ikke eg ble tatt av bv, lider eg den dag i dag.
 
Håper dere aldri gjør den feilen igjen med andre familier. Det er rett og slett brutalt, det Samnanger kommune uttaler seg om. Dette må vi leve med resten av vår levetid.
 
Eg var stolt over å være samning en gang, men det er lenge siden!
 
Kristine Bolstad
 
 
**
 
 
 
 
Se også
 

Rapport og artikler om barnevernet i Samnanger
v/Marianne Haslev Skånland
MHS's hjemmeside, 28 mai 2020, sist oppdatert 4 september 2020

*


Kristine Bolstad:
Barnevernet tok alt jeg hadde – og knuste det
MHS's hjemmeside, 7 juli 2021
 
Bjørg Ødegård:
Vi barnevernsofre og våre liv
MHS's hjemmeside, 17 juni 2021
 
Lene Olsen:
Situasjonen i Horten barnevern er dypt foruroligende
MHS's hjemmeside, 5 oktober 2022
 
Tonje Omdahl:
Man opplever å miste litt av seg selv og tilhørigheten når barnevernet skiller søsken også
MHS's hjemmeside, 19 desember 2020
 
Bjørn Bjøro:
Utfordringer for det nye barnevernet i Samnanger
MHS's hjemmeside, 17 august 2021
 
Olav Bergo:
Hva kan de folkevalgte gjøre med barnevernet?
MHS's hjemmeside, 10 oktober 2022
 
 – :  Barnevernet takler ikke omsorgsansvar
MHS's hjemmeside, 30 juli 2021
 
 – :  Ingen nyhet at barnevernet svikter
MHS's hjemmeside, 3 juli 2020
 
Marianne Haslev Skånland:
Politikerne må styre barnevernet
MHS's hjemmeside, 8 desember 2018

 – :  
Hvem skal betale for barnevernets omsorgsovertakelser – kommune eller stat?
MHS's hjemmeside, 5 februar 2021
 
 – :  Barnevernets bruk av tvang og makt mot barn
MHS's hjemmeside, 22 november 2016
 
Marigona Jahaj:
Utviklingen i barnevernssaker er skremmende
MHS's hjemmeside, 17 februar 2020
 
Åge Simonsen:
Protestbølgene mot norsk barnevern
MHS's hjemmeside, 19 juni 2016
 
Erik Bryn Tvedt:
Hvem ivaretas i barnevernssaker?
MHS's hjemmeside, 5 februar 2019

 – :  Årsaker til krisen i barnevernet
MHS's hjemmeside, 17 januar 2020



 


*