*

3 september 2019




10. september 2019 klokka 10.00

Av Oddvar Espegard


• • •
Innlegget har også stått i avisen Hallingdølen 3 september 2019.
Det er trykket her med forfatterens velvillige tillatelse.
• • •


På dette tidspunktet blir dommen i Lobben-saka kunngjord i EMD i Strasbourg. Denne forferdelege saka, ei stygg barnevernssak, har vekt enorm interesse i heile Europa. Saka var oppe i Storkammeret, det er vel fyrste gongen at ei norsk barnevernssak er teken opp i Storkammeret, sjølv om det no, pr. i dag, er så mange som 23 barnevernssaker mot Norge til handsaming i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. (I fjor handsama EMD meir enn 1000 saker, og berre 14 av dei vart tekne opp i Storkammeret).

For nokre dagar sidan prata eg med ein politikar på stand i Ål sentrum. Politikaren hadde lese artiklane mine, fortalde han, men han etterlyste meir fakta. Og då er min faktaopplysning i dag: Følg med den 10. september klokka 10.00 for då blir dommen offentleg kjend. Man du og de andre politikarar må sjølve granske og finne staden der denne dommen blir kringkasta, for det er langt frå alle aviser som vil nemne dette: at den norske stat slik bryt menneskerettslovene. No har eg altså gjeve ein konkret faktaopplysning, og resten må de gjera sjølve. Eller må eg koma med resten og, på ei teskei?

Desse krenkingane av born sine rettar i Norge er så grove at det er vanskeleg for meg å finne ord.



**





Om den kommende Lobben-dommen, samt om Europarådets rapport fra 2018, se også

Marius Reikerås om den kommende Lobben-dommen
Marius Reikerås på facebook, 30 august 2019

Lobben-dommen offentliggjøres 10 september 2019. Hør Rune Fardal i samtale med Marius Reikerås
Family Channel – Focus on Family & Human Rights in Norway, 27 august 2019

Europarådet med kritisk rapport om europeisk barnevern
Av Marianne Haslev Skånland
MHS's hjemmeside, 4 juli 2018


*