*


4 september 2019




Erene Solsvik Bruvik, Samnanger:

Avisa Dagen og barnevernet



• • •
Artikkelen ble offentliggjort i avisen Dagen den 3 september 2019.
Den er publisert her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • •



Har ikkje Dagen fått med seg at det er mange, mange familiar som har svært dårleg erfaring med barnevernet? Kva interesse syner Dagen for desse familiane?

I Samnanger kommune har no tre tidlegare barnevernssaker vorte granska. I rapporten, som er utarbeidd av Barneadvokatane DA i Oslo, og vart offentleggjort torsdag 15. august, får det dåverande barnevernet i Samnanger flengjande kritikk. Samnanger kommune har gjort ein dårleg jobb, noko som har hatt store, uheldige konsekvensar for dei berørte familiane på ei rekkje område.

På eit ekstraordinært kommunestyremøte torsdag 22. august handsama kommunen granskingsrapporten. Der vart det gjort samrøystes vedtak om økonomisk oppreising til kvart av dei berørte barna og til kvar av fedrane, og det vart bedt om orsaking til familiane for påstandar som har vorte framsette mot dei og for øydelagd barndom.

Etter at granskingsrapporten vart offentleg tilgjengeleg torsdag 15. aug, tok både Bergens Tidende (18.08) på leiarplass og lokalavisa vår her, Samningen, (15.08 og 22.08) saka opp. NRK hadde saka oppe både i Vestlandsrevyen og i intervju med ordførar og varaordførar og leiar for Frp her i Samnanger (20.08).

Som Dagen-abonnent har eg vore spent på kva Dagen sine kommentarar til ei så alvorleg sak ville vera. Dagen er då opptatt av familien, så eg forventa ein reaksjon. Eg vart meir og meir forundra for kvar dag som gjekk utan at det kom ein einaste kommentar.

Så kom det på førstesida i Dagen 21.08, med store bokstavar og stort bilete: "Kontakt barnevernet når dere er bekymret". Dagen har spandert heile to sider til på dette oppslaget.

Har ikkje Dagen fått med seg at det er mange, mange familiar som har svært dårleg erfaring med barnevernet? Kva interesse syner Dagen for desse familiane? Har Dagen fått med seg at menneskerettsdomstolen i Strasbourg krev svar frå Norge i 26 barnevernssaker?

I Bergen kommune ligg 10 barnevernssaker og ventar på gransking. Kor mange i Samnanger vågar i desse dagar å kontakta barnevernet når dei er urolege for noko, slik Dagen oppmodar til?

Mange her i Samnanger hadde møtt opp på det opne kommunestyremøtet 22. august. Vi sat rysta over barnevernet og det som kom fram om barnevernet i rapporten. Fleire, både av kommunestyrerepresentantane og dei som elles var møtt opp, hadde tårer i augene fleire gonger under møtet.
Dagen etter, 23. august, var det ikkje godt å opna avisa Dagen og bli møtt med enno eit to-siders innlegg om å melda frå til barnevernet.

Eg har vore med og kjempa for at sanninga om særleg den eine familien her inne skal koma fram i lyset. Det er stor glede over at mellom andre denne familien no får oppreising, etter seks års kamp.

Men kor er Dagen? Ser ikkje Dagen i det heile tatt dei nokså mange familiane som er øydelagde av barnevernet? Her er øydelagde born, øydelagde foreldre og besteforeldre som har fått heile pensjonisttida si øydelagd.

Eg oppmodar Dagen til å lesa seg opp på dei mange borna som er blitt skilde frå søskena sine og frå heile den biologiske familien sin. Eg ber også Dagen lesa granskingsrapporten frå Barneadvokatane DA. Link til den offentlege granskingsrapporten på Samnanger kommune si heimeside: www.samnanger.kommune.no.


**




Om Samnanger-sakene se også



Fra 2019

Øyvind Røen, varaordførar i Samnanger:
Innlegg ved kommunestyremøtet i Samnanger 22 august 2019 om gransking av barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

Marianne Haslev Skånland:
Samnanger med fantastisk innsats mot overgrep fra barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

*

Møteinnkalling og granskingsrapport i barnevernssak - Samnanger kommune

Her er opptaket fra kommunestyremøtet:
"Samnanger kommune – Kommunestyremøte 22.08.2019"
Videoopptak av møtet. Én sak er til behandling: Barnevernet 
Samnanger kommune – Kommunestyremøte 22.08.2019 på youtube, 22 august 2019

Nettside:
For Samningar: Ope politisk forum
Facebook

Ny rapport: Samnanger kommune brøt barnevernloven – vil gi tre barn oppreisning
nrk Hordaland, 15 august 2019

Ny gransking avslørte alvorlige feil i to barnevernssaker i Samnanger
Bergens Tidende, 15 august 2019

Ny gransking i Samnanger
Bergens Tidende, 22 februar 2019



Noen artikler etc fra 2013-15

Marianne Haslev Skånland:
Hvem vurderer barnevernet i Samnanger riktig? – Folkefornuft mot politisk og byråkratisk galskap
Vedlagt innlegg, artikler og brev av Erene Solsvik Bruvik, Stein Birger Haga, Knut Inge Røen og Gottfred Haga
MHS's hjemmeside, 7 mars 2013

Granskere frikjenner barnevernet
Fontene, 7 januar 2014, oppdatert 27 august 2015

Forsøkt brukt til å fjerne barn fra mor
Bergens Tidende, 12. februar 2013

Viste mistillit til barnevernet med fakkeltog
nrk Hordaland, 12 februar 2013

Bilder fra fakkeltoget, tatt av Bjørn Arve Meyer, som tillot dem brukt i det vi publiserte om Samnanger-saken:
Bilde 1   Bilde 2   Bilde 3   Bilde 4   Bilde 5
Bilde 6   Bilde 7   Bilde 8   Bilde 9

Knut Inge Røen:
Ordføraren vår feilfri i barnevernssaka?
sett herifrå, 25 mars 2013

Rådmann beklager etter refs
Bergens Tidende, 17 april 2013

Ber barnevernsleiar ta permisjon
Bergens Tidende, 19 april 2013






*