*

16 juni 2020



Øyvind Røen:

Barnevernet i Bergen


• • •
Artikkelen ble publisert som innlegg på facebook-siden 'For Samningar: Ope politisk forum' den 15 juni 2020.
Den er trykket her med forfatterens sjenerøse samtykke.
• • •


Då me lét Bergen ta over barnevernstenestene våre var det sjølvsagt i von om at det skulle verta betre enn det "regimet" me hadde. Den vona har eg hatt til no, men det er lite eg veit sikkert om dette. Sjølv om eg sete som varaordførar desse åra, er framleis barnevernet ei teneste eg har svært lite innsyn i. Javel, eg kan lesa nokre statistikkar, men det er frustrerande å vera med på å løyva store pengar til noko som me som kommunestyrerepresentantar veit så lite om. (Eit lite symptom på dette er at i siste årsmeldinga frå rådmannen, som kommestyret nett handsama, var barnevernet gløymt.)

Det er fleire ting som har gjort meg uroleg når det gjeld barnevernet i Bergen. For det første er det Fjeld-rapporten. I rapporten får barnevernet i Bergen sterk kritikk i ni av ti granska saker. Sakshandsaminga har vore for dårleg, med til dels store konsekvensar for born og familie.

Eg har òg vorte skremt av reaksjonane barnevernet i Arna og Åsane har kome med vår eigen granskingsrapport i Samnanger. Så vidt eg skjønar, har dei gjeve uttrykk for at dei ikkje treng ta omsyn til rapporten når det gjeld eigen praksis for samværsrett m.m. for born som er omtala i rapporten, og som barnevernet framleis har ansvar for.

Og så er det måten barnevernet i Bergen reagerer på søksmålet som Samnanger kommune no vurderer. Eg kan for så vidt forstå at det går an å ha eit prinsipielt standpunkt om at det ikkje skal vera mogeleg å saksøkja tidlegare tilsette, sjølv om eg er ueinig i eit slikt standpunkt. Men det eg ikkje kan forstå, er at barnevernet – og Bergen kommune? – tilsynelatande utan reservasjonar solidariserer seg med den tidlegare barnevernsleiaren i Samnanger. Ikkje eitt ord har kome om at det som har skjedd i Samnanger, er uakseptabelt. Då melder det seg spørsmål om dei tilsette i barnevernet i Bergen ser på det som har vorte gjort i Samnanger, som noko dei òg kunne ha gjort. Kvifor skulle det elles vera så livsfarleg for dei som arbeider i barnevernet no, om Samnanger vil stilla den tidlegare barnevernsleiaren til ansvar?

Eg meiner det er all grunn til å sjå om me kan byggja opp noko betre enn barnevernet i Bergen.


**




Relatert


Olav Terje Bergo:
Hva frykter de barnevernsansatte?
MHS's hjemmeside, 15 juni 2020

Reagerer sterkt på "trugslar" – kommunen trekkjer seg frå barnevernssamarbeid
nrk Vestland, 13 juni 2020

Vil kutte barnevern-samarbeid med Bergen
Dagbladet, 13 juni 2020

Kommune vil saksøka tidlegare barnevernssjef: Barnevernstilsette fryktar for framtida
nrk Vestland, 12 juni 2020
(Artikkelen har hatt forskjellige titler gjennom oppdateringer, bl.a
"Dagen derpå for barnevernstilsette: – Kan eg forventa å bli saksøkt om 15 år?" og "Tilsette i barnevernet vil sparka Samnanger ut av samarbeid") 

Barnevernskandalen i Samnanger:
Vil rettsforfølge fylkesnemnd, tingrett og tidligere barnevernsjef
tv2, 11 juni 2020

Hallvard Tysse:
Stort fleirtal for å gå vidare med barnevernssaka
Samningen, 11 juni 2020

Samnanger kommune – Kommunestyremøte 11.06.2020
Video
   Møtedelen som angår barnevernssaken: fra 2:09:15
Samnanger Kommune, 11 juni 2020
Denne lenken fungerer også.

Knut Harald Frøland:
Ei naudsynt gransking
Bergens Tidende, 11 juni 2020

Rapport og artikler om barnevernet i Samnanger
Ved Marianne Haslev Skånland
MHS's hjemmeside, oppdatert per 28 mai, deretter senest 16 juni 2020




*