*

14 juni 2021




Olav Erdal:
Barnevern og bestefarsarv – gufs frå ei fjern fortid

Knut Inge Røen:
Tilsetjingskomitéen sitt overtramp


• • • 
De to artiklene har stått som leserinnlegg i Samningen.
De er trykket her med forfatternes sjenerøse tillatelse.
• • • 



• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •
I Samningen nr 19, 20 mai 2021


Barnevern og bestefarsarv – gufs frå ei fjern fortid

Av Olav Erdal


Samnanger kommune lyste våren 2021 ut ei ledig stilling som medarbeider i Samnanger barnevern. Ei sonedotter til underskrivne, som hadde dei rette kvalifikasjonane som vart etterspurde i lysinga, søkte stillinga, men nådde ikkje opp i møtet i tilsetjingsrådet. Her deltok rådmann, HR-leiar, den nytilsette barnevernssjefen og ein tilsett frå Fellesforbundets Fagforening.

Ut frå oppysningar ho sit inne med etter samtale med kommuneadministrasjonen meiner me båe at ho (sonedotter mi) er forbigått. Ho er einaste søkjaren med mastergrad i faget. Vidare er ho den søkjaren med lengst praksis i barnevernsarbeid.

Dette synet kan kanskje vera farga av subjektivitet. Difor vil me klaga saka inn for Sivilombudsmannen, som vil koma fram til kva som er rett.

Dette er ikkje årsaka til at eg har teke pennen fatt. Det er dei nitriste opplysningane som er komne fram etter at tilsetjinga var gjort.

Det var naturleg for sonedotter mi å ta kontakt med kommunen for å få klårlagt kva som hadde skjedd. Ho fekk då vita at tilsetjingsrådet ikkje kunne tilsetja henne pga. det engasjementet bestefar hennar og andre hadde vist i den førre/tidlegare barnevernsstriden. Dette hadde vore med på å splitta bygda i to. Ei evt. tilsetjing av Signe no ville føra til at folket i bygda vart trigga. Barnevernsstriden kunne då blusse opp att, då den var mykje betent. Det var enno sterke krefter som var i sving.

Signe kunne søkja stilling i barnevernet i Samnanger når det var gått minst eitt år og tilliten til det var komen attende.

Det er synspunkt som dette som kvalifiserer til overskrifta «gufs frå ei fjern fortid». Hadde det vore for 150-200 år sidan, hadde ikkje slike tankar vore framande.

Eg vil sjølvsagt ikkje verta sitjande med slike skuldningar mot meg. Eg vil avventa Sivilombudsmannen si avgjerd før eg tek saka evt. vidare i rettssystemet. Det er det siste eg vil ha på meg at eg er med på å øydeleggja framtida for barneborna mine pga. mi framferd. Det får vera måte på alle ting!

Eg vil seia det så sterkt at sjølv om eg var dømd for mord, måtte det ikkje ha gått utover evt. søknader frå mine born, barneborn eller oldeborn m.v. ved jobbsøknader.

Personleg meiner eg å ha tala barnevernet i Samnanger si sak på aller beste måte. Eg har alt frå første gong eg var gjort kjent med barnevernssakene i Samnanger vore oppteken av å setja borna, foreldra, besteforeldra o.a. sitt ynske i høgsetet! At sanninga skulle koma fram.

Den er vel stort sett kome fram. Partane har fått noko økonomisk kompensasjon for tort og svie. Lidinga som partane har gjennomlevd i alle desse åra er ikkje råd å retta opp med pengar.

Til sist vil eg halda fram at eg aldri i mitt liv ville trudd at eg som 84-årig bestefar skulle falle borna/barneborna mine til last. Eg har mest lyst til å gjera gamle riksråd Bondevik sine ord til mine; «at eg er mykje såra og vonbroten».

Eg er på langt nær ferdig med saka!


Steinsland 17. mai 2021
Olav Erdal

*

Retting i Samningen nr 21, 27 mai 2021
I mitt lesarinnlegg i Samningen torsdag 20. mai d.å., står det at eine representanten i tilsetjingsrådet representerte Fellesforbundet. Dette er feil. Rett forbund skal vera Fagforbundet. Eg ber om orsaking for feilen.
Med helsing
Olav Erdal

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •




• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •
I Samningen nr 22, 10 juni 2021


Tilsetjingskomitéen sitt overtramp

Av Knut Inge Røen


Olav Erdal si forteljing om den tilbakemeldinga barnebarnet hans fekk frå ein tilsetjingskomité i Samnanger kommune, er skremmande. Barnebarnet var ein av søkjarane til ei stilling innan det lokale barnevernet. Ho fekk etterpå muntleg beskjed om at sidan farfaren hennar hadde vore så engasjert under barnevernsstriden, kunne det ha ført til ei oppblussing av striden dersom ho hadde vorte tilsett no.

Det finst dessverre ingen tvil om at det Erdal fortel verkeleg har skjedd. Tilbakemeldinga vart også høyrt av ein annan person – i tillegg til stillingssøkjaren sjølv. Dessutan har ingen av dei involverte prøvt å nekta for at farfaren til søkjaren fekk nedsetjande omtale under handsaminga av søknadane.

Ho som truleg var leiar i komitéen, HR-leiar Anette Følid, let heilt vera å nemna saka i innlegget ho hadde i førre utgåve av Samningen. (HR står forresten for Human Resources. Eg håpar at administrasjonen her i vår vesle, norske bygd snarast kan klara å finna norske ord til bruk på organisasjons-kartet!).

Det einaste Følid hevdar, det er at "kvalifikasjonsprinsippet" vart nytta under utveljingsprosessen. Men samstundes ønskjer ho, forståeleg nok, ikkje å gå ut med detaljinformasjon om kvalifikasjonane til søkjarane – eller om vurderinga. Dermed vert innlegget hennar nokså irrelevant i høve til innlegget frå Olav Erdal to veker tidlegare.

Når Følid slett ikkje nemner noko om Erdal sin hovudkritikk, så avslører det truleg at ho tenkjer at det kan vera mogeleg å teia i hel denne uforsvarlege delen av sakshandsaminga. På det punktet tenkjer ho nok feil, for ein så grunnleggjande mangel på korrekt opptreden vil i det minste krevja ei utvetydig bøn om orsaking.

Det heile kom faktisk uventa. Når det no har blitt så grundig slått fast at det tidlegare barnevernsregimet i Samnanger ikkje fór rett åt, skulle ein tru at dei som så iherdig støtta dette regimet, no ville valt å liggja lågt.

Der tok me tilsynelatande feil. Det kan verka som om det mellom dei som er løna for å tena samningane framleis finst folk som manglar omtanke for dei familiane som vart så skammeleg handsama av barnevernsregimet.

Det som er både alvorleg og merkeleg er at personar som har begynt i jobbane sine her i Samnanger etter at barnevernsstriden rasa på det verste, kan finna på å diskutera farfaren til ein stillingssøkjar. Kven kan det vera som har funne det rett å gi komitémedlemene det som heilt tydeleg må ha vore ei sterkt einsidig innføring i det som skjedde frå 2013 og framover?

Når det gjeld det som tilsetjingskomitéen skal ha sagt om Erdal, så er det hårreisande om skulda for splittinga i bygda framleis vert lagt på dei som ihuga kjempa for ei god og rettferdig handsaming av born, foreldre og besteforeldre. Er argumentasjonen i så fall at det slett ikkje hadde vorte noko splitting dersom alle lojalt hadde støtta det gamle regimet?


• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •



**




Se også


Olav Erdal:
Barnevernssakene i Samnanger
MHS's hjemmeside, 16 mai 2020

Knut Inge Røen:
"Tilgjevelege feil"
MHS's hjemmeside, 13 mai 2020

 – :  
Nedslåande signal om barneverns-utval frå formannskapsmøte
MHS's hjemmeside, 16 februar 2021

Marianne Haslev Skånland:
Rapport og artikler om barnevernet i Samnanger
Oppdatert per 28 mai, 13 juni og sist 4 september 2020
MHS's hjemmeside, 28 mai – 4 september 2020

 – :  
Samnanger med fantastisk innsats mot overgrep fra barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

 – :  
Ytringsfrihet om barnevern, illustrert fra Samnanger
MHS's hjemmeside, 21 mai 2020

 – :  
Hvem vurderer barnevernet i Samnanger riktig? – Folkefornuft mot politisk og byråkratisk galskap
Vedlagt innlegg, artikler og brev av Erene Solsvik Brukvik, Stein Birger Haga, Knut Inge Røen og Gottfred Haga
MHS's hjemmeside, 7 mars 2013

 – :  
Barnevernet: Det er Samnanger som går i riktig retning
MHS's hjemmeside, 27 august 2020

Sylvia og Gottfred Haga:
Det har vore ein sju år lang kamp
MHS's hjemmeside, 6 september 2020

Erene Solsvik Bruvik:
Avisa Dagen og barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

Øyvind Røen:
Innlegg ved kommunestyremøtet i Samnanger 22 august 2019 om gransking av barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

Marius Reikerås:
Til Ordføreren i Bergen. Varsel om oversendelse av Samnanger-sak til EMD
MHS's hjemmeside, 3 juli 2020

Bjørn Bjøro:
Den opplyste debatten om barnevern i Samnanger skulle ikke funnet sted
MHS's hjemmeside, 3 februar 2021

Olav Terje Bergo:
Look to Samnanger!
MHS's hjemmeside, 22 juni 2020





*