*

10 juni 2020




Knut Inge Røen:

To innlegg om barnevernssaka i Samnanger

• • • •
Innleggene ble publisert i facebook-gruppen For Samningar: Ope politisk forum
den 10 juni 2020.
De er trykket her med forfatterens velvillige tillatelse.
• • • •




Spanande kommunestyremøte

• • • •
Originalen er postert som eget innlegg.
Det viktige kommunestyremøtet som refereres til, finner sted i morgen 11 juni 2020.
• • • •


Det er spanande kva kommunestyret kjem fram til når det gjeld eventuell rettssak mot tidlegare barnevernsleiar Thore Austnes. På den eine sida har ein dei som meiner at når ein arbeidstakar har gjort grove feil som har gått ut over andre menneske, då er det nødvendig at vedkomande personleg vert stilt til ansvar.

På den andre sida har ein dei som skuldar på at kommune-økonomien tilseier at ein ikkje kan gå vidare i denne saka. I tillegg vert det argumentert med at det sender uheldige signal om kommunalt tilsette i Samnanger kan risikera å måtta stå til ansvar for det dei gjer i jobben sin.

*

Dette siste er eigentleg ein absurd måte å argumentera på. Det strider verkeleg mot all sunn fornuft om offentleg tilsette skulle kunna gjera grove overtramp utan at det skulle få den minste konsekvens for dei, anna enn at dei kanskje mister jobben sin. Eller får ein fin fallskjerm og bra omtale på vegen til ein ny jobb.

Når det til og med i media vert slått opp at tilsette i barnevernet ikkje lenger ønskjer å jobba i barnevernet dersom dei kan risikera å verta stilte til ansvar, då har absurditeten nådd ein verkeleg topp. Til desse vil eg seia: "Lukke på reisa! Dersom dette er innstillinga di, er det nok best for alle partar at du ser deg om etter noko anna å jobba med enn å sitja og avgjera framtida for norske born!"

Det er då heilt klinkande klart at det ikkje er slik at det er nokon som helst sjanse for at tilsette på kommunalt eller fylkes-nivå skal verta straffa om dei gjer jobben sin etter dei retningslinjer dei har sagt ja til å følgja – og elles oppfører seg venleg og imøtekomande mot dei personane (det publikum) dei er sette til å tena! Å hevda noko anna, viser at ein manglar forståing for kva rapportane seier om barnevernsleiaren sin oppførsel.

*

Sidan denne saka tydelegvis har stor interesse i heile landet, kan ein hevda at det ikkje er naturleg at vesle Samnanger skal måtta dra lasset åleine. Men samstundes er barnevernet sine granska overgrep i Samnanger av ein slik art at dei høver for ein vidare prosess.

Og
økonomien bør ikkje verta tillagt for stor vekt i denne saka. Ikkje minst på grunn av at dersom kommunen bestemmer seg for å gå vidare, så vil det verta tatt initiativ til å starta ei kronerulling som nok vil gi god støtte til Samnanger kommune i den vidare prosessen. Fleire har alt sagt seg interesserte i ei slik kronerulling. Men det er for såvidt greitt at dette først startar opp når eit vedtak er gjort i kommunestyret om å gå vidare.

Kanskje kan sakene i Samnanger verta den vesle tua som på sikt veltar eit stort, skakkjørt barnevernssystem. Nei, Samnanger skal slett ikkje reformera heile systemet, og me skal heller ikkje skriva ut medisinen som skal lækja alt det sjuke.

Men ein stad må dette starta. Kvifor ikkje her i Samnanger? Det har vel i stor grad alt starta?

**




Ein artikkel av advokat Birthe M. Eriksen om Samnanger-granskinga i 2019-20

• • • •
Innlegget ble postert som kommentar til et annet, som angår artikkelen Granskningen burde ikke funnet sted av advokat Birthe M. Eriksen, publisert i Bergens Tidende 10 juni 2020.
En annen
kommentar om samme artikkel, skrevet av Per Arne Totland, bemerker det samme om advokat Eriksens kollegiale forbindelse.
• • • •


Ein føler det nesten litt pinlig når det er akkurat Birthe M. Eriksen som skriv dette forsvaret for barneverns-systemet. I følgje heimesida til ADI Advokater AS, er ho ein av dei tre advokatane i dette vesle firmaet. Ein annan av desse tre viser seg å vera Rolf Bech-Sørensen! Dette var Samnanger kommune sin advokat, den personen som fullt ut støtta barnevernet og barnevernsleiaren i Samnanger!

Ein kan trygt hevda at Bech-Sørensen var skuld i at den dåverande ordføraren i Samnanger gjekk så høgt ut og forkynte i bygdebladet Samningen at ho hadde full tillit barnevernet. Dette var eit av dei utspela som var med på å splitta heile bygdesamfunnet. Det er ikkje tvil om at denne advokaten i høgste grad er medansvarleg for "feiltrinna" til barnevernet i Samnanger.

Men Birthe Eriksen manglar visst skjemdarvit.

**





Se også


Ikkje plass til publikum under kommunestyremøte
Samningen, 9 juni 2020

Rapport og artikler om barnevernet i Samnanger
Ved Marianne Haslev Skånland
MHS's hjemmeside, Oppdatert per 28 mai, deretter senest 10 juni 2020




*