*


8 desember 2018



Barns beste?

Av Synnøve Bredal Bjelland, Aksdal


• • •
Artikkelen har vært publisert som leserbrev i Haugesunds Avis den 7 juli 2018.
Den er gjengitt her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • •



I ein kommentar i Haugesunds Avis 30. juni, peikar ansvarleg redaktør Einar Tho på at barnevernet må ha verdas vanskelegaste jobb. Så sant som det er sagt!

Då må ein òg forventa at kompetanse og organisering er på topp. Mottoet er barns beste og vern mot overgrep, noko me alle er hjartans einige om! Intensjonane er gode, men teori og praksis heng diverre ikkje alltid i hop. Etter å ha følgt saka til nevøen min, Ole Bjelland og kona Marianne og etter å ha fått innblikk i ulike analysar av barnevernet i Noreg, sit eg igjen med ei sterk uro.

Det seier seg sjølv at spennet mellom kontroll og omsorg er særs krevjande. Det skal stor fagleg tyngde, menneskeleg integritet og godt leiarskap til for å møta dette krysspresset. Tho skriv om tap/tap-situasjonar. I eit slikt felt kan ein ikkje unngå desse og heller ikkje unngå at barnevernet vil møta kritikk – både rettmessig og urettmessig. Dei tilsette har behov for å beskytta og forsvara seg; det blir ein integrert del av organisasjonskulturen.

Og nettopp dette er akilleshælen. Menneskelege særtrekk og forsvarsmekanismar vil farga måten me arbeider i lag. Her har leiarane stor innflytelse, særleg i organisasjonar som krev stor grad av lydnad, med ein tydeleg tenesteveg og hierarkisk maktstruktur. Når det gjeld barnevernet, er det fleire trekk som peikar seg ut. Dette synest å vera likt over heile landet, og har den siste tida blitt særleg tydeleg i vår region:

Påføring av skam og skuld på sviktande grunnlag, der barnevernet forvrenger fakta og uttalar seg munnleg og skriftleg på ein slik måte at mistanken klistrar seg til foreldra. Sjølv opererer dei utan unntak til «Barns beste».

Manglande vilje til å innrømma eigne manglar og feilspor.

Manglande vilje til å avslutta saker når fleire instansar – til og med Høgsterett – konkluderer i favør av foreldra. Prestisjeorientert og utruleg ressurskrevjande.

Manglande vilje til å be om orsaking i tråd med vanleg folkeskikk.

Manglande vilje til å innrømma at barnevernet sjølv påfører barn, deira foreldre og andre nære personar ubotelege traume.

Lista kan gjerast lengre, men det er ikkje poenget her. Poenget er å peika på systemsvikt og manglande balanse. For meg synest det som om barnevernet er etterforskar, anklagar og dommar i ein og same instans. Ein stat i staten. Slike paradoks og rollekonfliktar er svært alvorlege!

Eg har sjølv arbeidd i psykisk helsevern i mange år, og har til tider sett dei same mekanismane der: Fagfolka veit best! Dei stiller spørsmål ved pasienten/brukaren sine motiv og veremåte og prøver ikkje i tilstrekkeleg grad å forstå bakgrunnen for den aktuelle situasjonen. Dersom nokon protesterer mot makt- og diagnoseapparatet, kan det brukast mot vedkommande. Det er skremmande, og heldigvis har helsevesenet tatt kritikken inn over seg. I dag er det langt større grad av brukarmedverknad, det finst fleire lågterskel klageinstansar og sterke pasientorganisasjonar. I psykisk spesialisthelseteneste finst lokale kontrollkommisjonar leia av jurist, med lege, person med brukarerfaring og lekperson som medlemmer. Kommisjonen skal sikra rettsvern og kvalitet på hjelpetiltaka. Styrken er den personlege kontakten; kommisjonen møter ofte pasientar og/eller pårørande. For barnevernet sin del kunne ein liknande modell vera verdifull.

Vidare må leiinga i kommunen med ordførar og rådmann som arbeidsgjevarar, ta problemstillingane på djupaste alvor. Dei må forstå kva som skjer, lytta til alle partar og visa nødvendig omtanke og respekt når innbyggjarane blir utsette for den verste urett.

La oss òg forventa at dei som skal granska slike saker, ser og høyrer alle involverte partar. Granskinga må ikkje reduserast til reine dokumentanalysar og spørsmål om «prosedyren er følgt». Menneskeleg samhandling handlar om langt meir enn prosedyrar, på same vis som kommunikasjon handlar om langt meir enn ord.

Avslutningsvis: TILLIT til våre samfunnsinstitusjonar er ein av Noreg sine fremste verdiar og kjennemerke. Du har sikkert høyrt det før, men la meg gjenta at tillit er noko ein må gjera seg fortent til – det er ingen fast størrelse. Me veit at makt kan korrumpera. Dette er menneskeleg, slik uhensiktsmessige forsvarsmekanismar er det. Nettopp difor må det stillast kritiske spørsmål ved etablert praksis i ein av våre viktigaste samfunnsinstitusjonar. Dette er ikkje minst i barnevernet si eiga interesse.


**



Flere artikler i mappen
Tysvær barnevern i 2018




*