*


8 desember 2018



Makt, avmakt og barnevern

Av Bjørg Mannes, medmenneske og psykologspesialist


• • •
Artikkelen ble først publisert som leserbrev i Tysvær Bygdeblad den 28 november 2018.
Den er gjengitt her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • •


– Når jeg ser din himmel, dine fingres verk, månen og stjernene som du har satt der – hva er da et menneske at du kommer ham i hu, en menneskesønn, at du ser til ham! (Sal 8.4-5)

Dette står å lese i Bibelen, som er grunnlaget for vår kristne kulturarv.
    Kva er då ein liten gut som blei riven vekk frå sitt trygge liv med sine nærmaste, i Norge, i fredstid ?

Kva er då ei ung jente som blei sendt langt avgårde til framande folk der ingen forstod korleis ho hadde det, i same landet, i same tidsepoke ?
    Har dei spurt seg om det, dei som i sine maktposisjonar gjorde dette, som i ettertid blir kalt feil ?
    Har dei forstått at den feilen dei gjorde, førte til store smerter og forstyrrelser i dei unge livene det gjaldt ?
    Har dei nokon som helst forståelse for kva desse gjerningane medførte for foreldra til desse unge ?
    Nå er det snakk om gjennomgangar, rapportar, åpenhet og meir til. Til og med ordet ydmykhet er nevnt i ein rapport.

Det står ikkje å lese at nokon av dei har bedt om tilgivelse ovafor barna eller foreldra.

Jesus sa: ”Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør”. Når flomlysa er slått av, når makta er tilbake i kvardagen, når rapportane er lagt bort.

Då kan kanskje nokon prøve å forklare maktmenneska kva dei har gjort.
Då kan kanskje legedom koma i gong.


**



Flere artikler i mappen
Tysvær barnevern i 2018





*