*


15 april 2016




Enno meir barnevern

Av Per Storegjerde, Naustdal


•••

Artikkelen ble først trykket som leserinnlegg i avisen Firda den 14 april 2016.
Den er publisert her med forfatterens velvillige samtykke.
•••


Inge Nordhaug hadde 6. april eit langt innlegg i Firda som kommentar til mitt vesle innlegg om endring av praksis som førte til nesten 90 prosent reduksjon av bruk av fosterheimar. Eg må ha treft ei svært sår tå hjå han. Nordhaug held seg til den offisielle versjonen av norsk barnevern der det meste er bortimot feilfritt. Dei som sjølv kjenner det på kroppen er ikkje alltid samde i det. Dei finn mykje som er gale. No kan det vere at eg les mest frå dei misnøgde, og Nordhaug mest frå dei nøgde.

Eg har aldri hatt noko med barnevernet å gjere. Men sidan eg var ordførar for snart 30 år sidan, og fekk eit visst innsyn i denne delen av samfunnet, har eg følgt litt med på nettet og i media. Det eg finn har ofte undra meg mykje. Den gang meiner eg å hugse det var rundt 80 born i eksterne fosterheimar i heile fylket. Siste tal eg har sett no er rundt 200. Vi er ikkje fleire folk. Noko må ha skjedd.

Det gler meg stort at Inge Nordhaug, som eg skjønar har ei sentral rolle i opplæringa av barnevernstilsette, verkar å gå inn for mindre bruk av fosterheimar og heller støttar foreldra i heimen, gjennom foreldreråd, slektningar og liknande som kan tre til i ein vanskeleg situasjon. Gjennom mennesket si historie har det biologiske prinsipp vore rådande, og etter eg har fått med meg gjev dette best resultat for barna framleis.

Bruk av eksterne fosterheimar viser ofte stor skade på borna for ettertida har eg lese. Dei mislykkast ofte i samfunnet enn born vakse opp med biologiske foreldre.

Eg trur ikkje det er så roseraudt rundt oss som Nordhaug forsøker å framstille det. Såg nyleg i Firda at Førde hadde 17 born i fosterheimar, og 73 born under andre tiltak. Det gjev nesten 19 prosent i fosterheim av borna som barnevernet har under tiltak. Det tykkjer eg er høgt. Statistikken viser også at ca. 1650 born rømde frå fosterheimar eit av dei siste åra. Det tyder ikkje på trivsel i heimane.

Eg har god tillit til rettssystemet i Norge. Det står verre til med Fylkesnemnda og Fylkesmannen si rolle i barnevernssaker. Nordhaug gjer seg skuldig i ein alvorleg feil når han framstiller fylkesnemnda nærmast som ein rettsinstans, «spesialdomstol» kallar han det. Det er eit forvaltningsorgan samansett av fagfolk på fleire område.

Etter som eg har fått med meg føretar dei ikkje normalt sjølvstendige granskingar av saka, høyrer ikkje begge sider, høyrer ikkje vitne osv. Dei les sakspapira frå den eine sida, det kommunale barnevernet. Det same med Fylkesmannen sitt tilsyn. Eine delen skal sjå til at jussen er på plass, den andre, fylkeslegen, skal sjå på realitetane i saka. Dei heller høyrer ikkje begge sider. Slikt kallar eg ikkje eit norsk rettssystem.

Først når saka kjem til tingretten møter den ein norsk domstol. Ikkje reint sjeldan vinn dei biologiske foreldra fram der. Men dette tek månader, gjerne år med anke. I mellomtida er borna i fosterheim og den varige skaden skjer.

Med den teieplikt som er i barnevernet er det vanskeleg for vanlege folk å få eit inntrykk av kva som går føre seg. Eg ser ikkje mykje til at barnevernet sitt arbeid skal vere «transparent», gjennomsiktig på norsk, slik Inge Nordhaug seier. Det er vel få ting i det norske samfunnet som er mindre gjennomsiktig, vil eg påstå. Statistikken viser at i 2014 var om lag 16.000 born og unge utsett for det som vert kalla «omsorgsovertaking» frå barnevernet. Medrekna visstnok alle slags tiltak og fosterheimsplasseringar. Tiltakslista er lang. Eg talde heile 25 ulike. I 2012 vart 49 prosent av desse grunngjeve med «manglande omsorgsevne hos foreldra».

Kva er dette i røynda? Har dei norske foreldra mist den genetiske evna til å vere foreldre? Kva er minstemål for å gripe inn? Kvifor set ikkje barnevernet i tide inn tiltak med opplæring, seminar etc. for å heve denne evna? Kvifor blir det ikkje undervist i barnelære og foreldrerolla i den alminnelege utdanninga i landet sidan dei aller fleste unge hamnar i denne rolla etter kvart?

Statistikken seier at berre fem prosent er grunngjeve med vald i heimen, og berre ein prosent for seksuelle overgrep. Fysisk mishandling står for fem prosent og psykisk mishandling for om lag tre prosent i 2012. Barnevernet brukar ofte desse begrepa som forklaring, sjølv om dei utgjer ein liten del.

Samfunnet har gjeve barnevernet vide fullmakter og stor økonomisk fridom til å verne om og hjelpe born og unge. Dette har eg sett kostar samfunnet rundt 20 milliardar kvart år. Likevel greier dei ikkje å gripe inn der det trengst, medan dei grip inn der det ikkje trengst. Dei køyrer i grøfta på begge sider. Då må det vere noko gale med køyreopplæringa.


**










*