*

30 mai 2020



Kven har rett?

Av Oddvar Espegard


• • • •
Artikkelen sto som leserinnlegg i Hallingdølen 23 mai 2020.
Den er trykket her med noen mindre endringer, med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • • •


Nokon meiner det eine, og andre igjen dei meiner noko anna. Me pratar framleis om same tingen. Slik er det heile tida. Når ein ny veg skal byggjast, så seier nokon at den skal ligge der. Naboen derimot, han vil at vegen skal fylgje ein annan trasé. – Men kven har rett?

Med daue ting, vegar og slikt, er det ikkje så farleg. Men når me kjem til menneskjer, då er det straks viktigare at dei blir handsama rett og rettferdig.

I Samnanger kommune har dei nokre barnevernsaker som er handsama så grovt at fleire familiar og barn er øydelagde av barnevernet, av dei som skulle hjelpt barna. I kommunestyret tok dei opp saka og handsama den: – skal desse sakene granskast eller skal dei ikkje? Kommunestyret var delt på midten, men ordføraren si dobbeltstemme gjorde utslaget: – ja til gransking. Kvifor ville ikkje halve kommunestyret at fagfolk skulle gå gjennom desse barnevernsakene?

Det kan vera fleire grunnar til det. Men eg trur dei fleste av desse ikkje ynskte at nokon skulle granske desse forholda, avdi dei vil at denne geskjeften skal vera hemmeleg, fordi - - - . No er det slik at all offentleg verksemd skal vera open, det seier lova. Og absolutt når det kjem til barnevern, dersom barn får god hjelp og støtte frå barnevernet, så burde alle vera glad for at det vert bretta ut i ein rapport. Då vil alle kunne sjå kor gavnleg og godt arbeid barnevernet gjer, og den negative kritikken som verserer mot barnevernet ville få seg eit skot for baugen? Men nei, det er nokon som ser det annleis. Kven av desse gruppene har rett?

No har Samnanger engasjert advokat og dei vil saksøkje desse barnevernsansatte som har herja med og øydelagd fleire familiar. Nokon meiner at det er rett at dei skal få svara for sine ugjerningar, medan andre att, dei meiner at desse stakkars barnevernsfolka bør få gå fri. Men kven har rett?

*

Eg prata med ein politimann her om dagen. Me svalla litt rundt dette med barnevern og eg nemnde at Norge, den norske regjeringa, blir dømd annankvar månad i Strasbourg, i EMD. Ja, svara politimannen, det veit eg, men her i landet har me kultur for å drive barnevern på ein annan måte. Så då så . . Då eg fekk summa meg og tenkt meg om, så sa altså denne poltibetjenten at lovene i Strasbourg, dei er vel og bra dei, men vår gode kultur på dette området er langt viktigare, fordi me her på berget, me gjer desse sakene mykje betre enn alle lovene tilsaman og alle topp-domarane i Menneskjerettighetsdomstolen. Han meinte med andre ord at vår fortreffeleg gode kultur her i Norge, og alle hovudene i barnevernet, er heller å foretrekkje enn dei gode lovene som Stortinget har vedtekje, på demokratisk vis.

Då fekk eg meg ein støkk; at ein politibetjent i Hallingdal kan meine noko slikt, at me set gjerne lovene tilside, for å fylgje vår gode tradisjon og kultur. Dette bær sjølvsagt gale avstad! Har denne politimannen rett, eller har Menneskerettighetsdomstolen rett?

*

TV2 skreiv i 2016 at Pernille vart valdteken av ein barnevernsleiar, frå ho var 14 år gamal. Barnevernsleiaren det var far hennar. Dette fekk lov å pågå over fleire år (Pernille ble dopet ned og voldtatt av pappaen fra hun var 14 år, TV2, 23 februar 2016). Kven er det då som har rett, denne barnevernsleiaren eller dei som kritiserer han for dei grove overgrepa barnevernet har drive med? Han er nemleg ikkje åleine.

No er Norge dømd heile 7 gonger berre i seinare tid i Menneskerettighetsdomstolen for å ha brote lovene og gjort stor urett mot både barn og familiar. Dette er vel kjend gjennom media dei siste månadene og åra. Likevel så seier både Barneminister Ropstad og Høgsterett at dette vil dei ikkje ta i. Endå Norge som medlem av Europarådet har plikt til at ved domfelling gjort av Domstolen i Strasbourg, så skal den norske regjering straks rette opp i skadene som er begått mot einskild-borgarar. Men dei vil ikkje. Kven har då rett? Regjeringa eller Menneskerettighetsdomstolen?

Slik kunne eg fortsetje å ramse opp det eine dømet etter det andre.

Kor har det vorte av rettferdighetssansen til folk? Skal det vera slik at alle og einkvar kan fylgje sitt eige hovud og gjera som han synest? Skulle me ikkje heller rette oss etter lovene, som er til det gode for folket?

Det som altså barnevernet og kommunane gjer, er å øydeleggje hundrevis, ja tusenvis av familiar og barn i dette landet, på tvers av lovene, som tydeleg seier kva som er rett.



**




Se også


Fellende dommer mot Norge ved Den Europeiske Menneskerettsdomstol (EMD) i barnevernssaker
MHS's hjemmeside, 12 mars 2020

Øistein Schjønsby:
Barnevern i Menneskerettighetsdomstolen
MHS's hjemmeside, 7 mars 2020

Nina Elin Hauge:
Barnevernskritikerne viser vei
BarnasRett, 15 september 2004

Else Sommer:
Om fosterbørn
MHS's hjemmeside, 5 februar 2008 / 23 juli 2013

Marta Straume:
Barnevern på Karl Johan
MHS's hjemmeside, 10 juni 2016

Arnfinn Wiksaas:
Barn som melkeku
MHS's hjemmeside, 15 januar 2017

Arne Jarl Hatlem:
Barnevernet – nådeløse nordmenn
MHS's hjemmeside, 18 juli 2018

Kari Bjørnaas:
Tendensiøst om barnevernet
MHS's hjemmeside, 13 mars 2020

Marianne Haslev Skånland:
Falsk kritikk av barnevernet ?
MHS's hjemmeside, 8 august 2007 / 27 april 2014

familien-er-samlet:
Hva betyr egentlig "barnets beste"?
MHS's hjemmeside, 1 oktober 2016





 


*