*

8 september 2020



Øyvind Røen:

Feil om barnevernsrapporten


• • •
Innlegget ble publisert
på facebook i gruppen 'For Samningar: Ope politisk forum' den 9 juli 2020.
Det er trykket her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • •


I Samningen i dag (8.7) har kommunestyregruppa til Ap eit innlegg om barnevernet. På slutten av dette innlegget kjem dei med ein påstand som det ikkje er dekning for – om rapporten frå granskinga av tre barnevernssaker i Samnanger: "I tillegg har partar i to av sakene meldt at dei ikkje kjenner seg igjen i det som kjem fram i rapporten". No er det tre veker til den neste Samningen kjem, så det kan vera greitt at ikkje dette vert ståande som eit faktum i lengre tid.

Den siterte påstanden byggjer på ein e-post (sendt 18. juni) frå barnevernsleiaren i Arna og Åsane til Samnanger kommune der det på same måten vart hevda at fleire av dei involverte ikkje syntest rapporten gav eit rett bilete.

Dette var naturlegvis oppsiktsvekkjande, men for det første avviser dei to granskarane, Andersland og Totland, påstandane fullstendig. Det har dessutan vore eit møte om dette mellom Samnanger kommune og ein representant for Bergen kommune. Her viste det seg nok at det er svært lite hald i påstandane, og Bergen er bedt om å koma med dokumentasjon på – og konkretisering av – det som vert hevda i e-posten. Viss ikkje dette kan gjevast, bør det koma eit dementi.

Det som er heilt sikkert, er at i sak 1 og 2 i rapporten er det ingen som har sådd tvil om innhaldet. I sak 3 er det heller ikkje grunnlag for å hevda at dei involverte ikkje kjenner seg igjen i rapporten. Det somme var misnøgde med her, var at rapporten opphaveleg hadde med personlege nokre opplysningar som dei meinte ikkje var relevante. Desse vart då òg fjerna i den siste versjonen av rapporten etter møte mellom granskarane og personar i sak 3.

Men sjølv om granskarane på denne måten tok omsyn til ønske frå dei rapporten gjeld, skriv barnevernsleiaren 18. juni som om det ikkje har vorte gjort. Ho nemner òg at det vart brukt fullt namn på ein person i rapporten. Det skjedde – ved eit reint uhell – i eitt tilfelle i den første versjonen, og dette namnet vart sjølvsagt fjerna då granskarane vart merksame på gleppen. Og det var gjort lenge før 18. juni.

18. juni var elles ingen tilfeldig dag. Dette var same dagen som kommunestyret hadde møte og skulle avgjera framtida for barnevernet. E-posten vart send berre nokre timar før møtet. Rett nok vart han ikkje lesen av den politiske leiinga denne dagen, men det er vanskeleg å tru noko anna enn at ein på denne måten, i siste liten hadde tenkt å påverka kommunestyret. Det ville då heller ikkje ha vore tid til å sjekka dei kraftige påstandane før møtet viss e-posten hadde vorte lesen.

Då e-posten vart kjend, stadfesta han mangelen på seriøsitet frå Bergen si side, og at vedtaket frå 18. juni var rett.


**




Se også


Samnanger bryter med Bergen: Etablerer egen barneverntjeneste
Norge IDAG, 19 juni 2020

Hallvard Tysse:
Stort fleirtal for å gå vidare med barnevernssaka
Samningen, 11 juni 2020

Kommunestyremedlemmer i Samnanger kommune
Knut Harald Frøland, Odd Arne Haga, Knut L. Høibraaten, Karl Bård Kollbotn, Linda Haug Kollbotn, Anja Elisabeth Gjerde Markhus, Gunn Totland Moss, Øyvind Røen, Monica Tjønna, Lena Tveit, Solveig Vassenden:
Vårt eige barnevern
MHS's hjemmeside, 7 september 2020 (tidligere i Samningen 25 juni 2020)

Reagerer sterkt på "trugslar" – kommunen trekkjer seg frå barnevernssamarbeid
nrk Vestland, 13 juni 2020

Barnevernssjef: Forelder og barnevernsbarn i Samnanger reagerer på granskingsrapporten
nrk Vestland, 22 juni 2020

Olav Terje Bergo:

Hva frykter de barnevernsansatte?
MHS's hjemmeside, 16 juni 2020

 – :  
Dagbladet tar feil om Samnanger
Dagbladet, 18 juni 2020

Leder:
En farlig vei
Dagbladet, 17 juni 2020

Sluttrapport
Gransking av tre barnevernsaker
Samnanger kommune

Samnanger kommune, 15 april 2020, oppdatert 5 mai 2020




*