*

16 mai 2020




Barnevernssakene i Samnanger

Av Olav Erdal, Steinsland


• • • • 
   Artikkelen ble publisert i lokalavisen Samningen den 7 mai 2020,
med tittel "Barnevernssakene i kommunen vår", og er tilgjengelig på nett for abonnenter, i Samningens E-avis-utgave.
   Den har også stått i facebook-gruppen
For Samningar: Ope politisk forum,
også
den 7 mai.
   Artikkelen er trykket her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • • • 


Barnevernssakene i Samnanger går vel for dei fleste av oss mot slutten. For dei som er råka, born, sysken, foreldre og besteforeldre og nære vener tek dei vel aldri slutt.

Advokatfirmaet Barneadvokatene i Oslo, som har utført granskinga av sakene, har gjort eit framifrå arbeid. Det har ført til at sanninga i sakene er kome fram. Det igjen har ført til at familiane har fått full oppreisning. Slik eg har forstått fleire av desse er det oppreisninga som har vore det viktigaste.

Nokre av dei som er råka har òg fått noko erstatning. Det er likevel berre snakk om eit plaster på såret. Men det kan kanskje hjelpa noko på.

Eg reiser så spørsmålet: Kom det noko vesentleg nytt fram av den siste granskinga? Svaret er: Nei - neppe! Det aller meste var eller burde vera godt kjent frå før for sakshandsamarane og politikarane våre i kommunen. Ein føresetnad for det var m.a. at personane hadde/har:
   1. Lese Barnevernslova og saksdokumenta i sakene.
   2. Lytta til det motstandarane deira sa og skreiv.
   3. Snakka med dei familiane som vart råka hardast, og kjende kvar skoen trykte, kva dei meinte.

Det har dei ikkje gjort. Difor vart resultatet så elendig og skeivt i starten. Punkt tre er vel det viktigaste som ikkje er vorte gjort.

Så vil eg gjeva stor ros til noverande ordførar Knut Harald Frøland og rådmann Charlotte Hageberg som torde reisa seg og tala Roma midt i mot.

Der er andre lokale kvardagsheltar som òg kan nemnast å ha gjort ein god jobb. Eg skal nøye meg med å nemna fire: Øyvind Røen, Sigmund Dyrhovden, Gunn Totland og Jakob Chr. Norup. Desse har alle vore med på å endra oppfatninga mellom fleire av motstandarane våre.

Eg er òg uroleg for at kontrollorgana, fylkesklagenemnda, fylkesmannen og rettsapparatet handsamar sakene så "slapt". Det ser ut som den eine berre strør sand på det den andre har gjort. Det skræmer meg, etter å ha arbeidd i politiet i 40 år, og er med på å svekke rettstryggleiken.

Eg ser at ymse politikarar syslar med tanken om å stilla privatpersonar til ansvar. Det trur eg ikkje kommunen vil nå fram med. Det kan kanskje likevel vera fornuftig å tenkja tanken høgt? Det hadde kanskje òg vore ynskjeleg at det var slik. Likevel: Det vil nok vera/verta kommunen som heftar for det dårlege arbeidet tenestemenn/-kvinner og politikarar gjer.

Til sist vil eg gjerne at dei som har stått i brodden for det tidlegare dårlege og øydeleggjande resultatet kan stå fram og seia orsak til dei råka familiane. Eller stå fram og føra forsvar for sitt syn og uttalen i Samningen i si tid, der det på fyrstesida med feite typar stod: "Me har full tillit til Barnevernet".


**




Se også


Knut Inge Røen:
"Tilgjevelege feil"
MHS's hjemmeside, 13 mai 2020

Hvem vurderer barnevernet i Samnanger riktig?
– Folkefornuft mot politisk og byråkratisk galskap

Artikkelsamling
MHS's hjemmeside, 7 mars 2013

Liv Schjelderup og Cecilie Omre:
Barns deltakelse
Dagbladet, 20 juli 2008l

Göran Lysén:
Trångsomhändertagande av barn i Sverige: En häxprocess?!
BarnasRett, 19 juli 2008

Marianne Haslev Skånland:
Viktig dom i England STØTTER endelig ytringsfrihet i barneverns-saker
MHS's hjemmeside, 31 desember 2013

 – :  
Rettsbeskyttelse mobilisert mot barnevern i Texas! Med suksess!
MHS's hjemmeside, 2 november 2011l

To barnevernsarbeidere ilagt bot for brutalitet mot barn i deres varetekt
BarnasRett, fra NRK 11 april 1996

familien-er-samlet:
Bufdir-rapport 2015: Åtte av ti er fornøyd?
MHS's hjemmeside, 17 april 2020

 – :  
Ny bufdir brukerundersøkelse 2016
MHS's hjemmeside, 17 april 2020

Jan Myhre:
Barnevernets krise er en holdnings- og ledelseskrise
MHS's hjemmeside, 22 mars 2020

Anita Skippervik og Yngve Nedrebø:
Barn, barnevern og åpenhet
MHS's hjemmeside, 29 februar 2020




*