*

7 september 2020




Vårt eige barnevern

Av kommunestyremedlemmer i Samnanger kommune:
Knut Harald Frøland, Bl, Odd Arne Haga, Frp, Knut L. Høibraaten, Bl, Karl Bård Kollbotn, Frp, Linda Haug Kollbotn, Frp, Anja Elisabeth Gjerde Markhus, Bl, Gunn Totland Moss, KrF, Øyvind Røen, Sp, Monica Tjønna, Sp, Lena Tveit, Bl, Solveig Vassenden, Bl


• • • •
Innlegget ble publisert som leserbrev i lokalavisen Samningen den 25 juni 2020.
Det er trykket her etter tillatelse fra varaordfører Øyvind Røen gitt på vegne av de 11 forfatterne.
• • • •


Det har vore hevda at Samnanger la barnevernet sitt inn under Bergen i 2016 fordi fagmiljøet i Samnanger var for lite. For ein del av kommunestyrerepresentantane var dette nok dette motivet, men me var fleire som såg dette som einaste utvegen til å fjerna det regimet som hadde styrt barnevernet i Samnanger. I 2016 var barnevernsleiaren slutta, men ein del av dei same haldningane sat igjen på kommunehuset. Rådmannen, som då mellombels sat som barnevernsleiar sjølv, hadde fullt og heilt stilt seg bak den tidlegare barnevernsleiaren.

   Samtidig gjekk Samnanger kommune då inn i ukjent terreng – eit terreng som framleis er temmeleg ukjent. Kommunestyrerepresentantane og administrasjonen har svært lite innsyn i arbeidet til barnevernet, og me har fått klare signal om at barnevernet heller ikkje ønskjer innsyn. Me har sjølvsagt heile tida håpa at det me no har, er betre enn det gamle regimet. Nokre har fortalt om positive erfaringar med dagens barnevern. Det skulle no berre mangla, men desse som har opplevd gode ting, ser likevel berre sin flik av heilskapen.

   For det har kome urovekkjande opplysningar om, og signal frå, barnevernet i Bergen. For det første har me fått «Fjeld-rapporten» som gjev barnevernet i Bergen krass kritikk i 90 % av barnevernssaker som har vore granska. Og det er i dei vanskelege sakene ein verkeleg ser om barnevernet fungerer godt nok.
   
   Måten barnevernet i Arna/Åsane har reagert på Samnanger sin granskingsrapport, svekkjer òg tilliten mykje. Her hadde me venta oss ei ytring frå barnevernet om at dei merka seg det alvorlege innhaldet i rapporten, og at dei ville sjå på om noko i rapporten burde ha konsekvensar for dei. I staden fekk me i første omgang inntrykk av at rapporten var nærmast uvedkomande for barnevernet me har i dag.

   Men no når Samnanger har sagt at me skal vurdera eit søksmål, er barnevernet i Bergen svært høgt på bana. Sjølvsagt må både barnevernet og andre kunna ha ei prinsipiell meining om ein kommune skal kunna saksøkja tilsette, men det er eit langt stykke derifrå til seriøst å hevda at kven som helst i barnevernet kan verta saksøkte viss den tidlegare barnevernsleiaren vert det. Det er svært vanskeleg å skjøna at barnevernstilsette i Bergen går så langt i å identifisera seg med og slå ring om den tidlegare barnevernsleiaren.

   Skepsisen vår til barnevernet i Bergen har altså auka dei siste månadene, og me har drøfta (uformelt) om det er det beste for Samnanger at barnevernet vårt ligg i Bergen.

   Men som kjent vart dette spørsmålet brått høgaktuelt no midt i juni. Barnevernstilsette i Bergen mobiliserte kraftig mot vedtaket i Samnanger om å vurdera søksmål mot barnevernsleiaren som me hadde. Fellesorganisasjonen (FO) kravde at Bergen kommune skulle avslutta barnevernssamarbeidet med Samnanger viss ikkje me la vekk alle planar om søksmål. Byråden som har ansvar for dette, gjekk langt i å stadfesta at barnevernsavtalen stod i fare.

   No etter kommunestyremøtet viser det seg at barnevernet i Arna og Åsane går endå lenger: No prøver dei direkte å undergrava rapporten og så tvil om innhaldet.

   Korleis skal ein reagera på dette? Å avslutta arbeidet med søksmål ville kanskje ha gjort Bergen nøgd, men for oss vil det aldri vera aktuell politikk å lata Bergen overprøva eit lovleg fatta vedtak i Samnanger kommunestyre og diktera kva Samnanger skal gjera eller ikkje gjera. (Me kjem tilbake til dette lenger nede).

   Rådmannen – og etter kvart mindretalet i kommunestyret – si løysing var at barnevernet vårt fram til september skulle liggja under Bergen, men at administrasjonen samtidig skulle gjera ei utgreiing om kva som på lengre sikt var den beste løysinga for barnevernet i Samnanger.

   Det er for så vidt lett å skjøna at mange synest dette høyrest fornuftig ut. Men det er heilt urealistisk at ei utgreiing skulle gje mange nye svar når det gjeld barnevernet i Bergen. For det første har ikkje administrasjonen kapasitet til ei større utgreiing no i ein periode som inkluderer sommarferien. Dessutan har barnevernet alt no dei lengste piggane ute mot Samnanger kommune. Viss Samnanger så gav melding om at me ville greia ut om barnevernet i Bergen framleis var det beste for oss, kunne me ikkje ha venta oss noko anna enn motstand og mangel på samarbeid. Ein treng ikkje vera vidarekomen i spådomskunst for å tenkja at beskjeden frå Bergen ville ha vore «take it, or leave it». Det er mykje betre og ryddigare for alle partar at me alt no at har gjeve ei tydeleg melding til Bergen om at me trekkjer oss ut når oppseiingstida er over – i staden for å gå inn i ein lang periode med uro og press frå Bergen si side. Viss då ikkje Bergen hadde gjort kort prosess og sparka oss ut med det same, slik FO vil.

   No har me eit år på oss til å byggja opp noko nytt og betre i Samnanger. Me meiner at dette er god tid til å få på plass eit velfungerande barnevern i kommunen. Her er det viktig for oss at barnevernet ikkje lenger skal vera ei «lukka avdeling». I staden må barnevernet inn i eit tett samarbeid med andre kommunale tenester som arbeider med born (skule, barnehage, lege, helsesøster, PPT osv.). Dette vil òg sikra det breiare fagmiljøet som vert etterlyst.

   Barnevernet står framfor store omleggingar nasjonalt. Domane i Den europeiske menneskerettsdomstolen og nye signal frå Høgsterett har alt no endra praksis i nokre kommunar, fylkesnemnder og domstolar. Og vonleg vil ei ny barnevernlov luka ut nokre av dei verste feila med dagens barnevern. Det kan t.d. godt henda at det kommunale barnevernet vil verta ei rein hjelpeteneste – der ev. tvangstiltak vert lagt til andre. Alt i alt ser det ut til at tida arbeider for det som Samnanger prøver å få til med å byggja opp eit meir moderne barnevern som i større grad ser heile familien og deira utfordringar.

   Men så sit naturlegvis nokre med spørsmålet om me ikkje kunne ha unngått alt dette bråket dersom me hadde lagt bort tanken på søksmål mot ein enkeltperson. Det vert òg hevda at ein må gå etter systemfeil, ikkje personlege feil. Dessutan vert me skulda for å vera stygge når me vil ta mannen og ikkje systemet.

   Til det siste er å seia at norma i det norske samfunnet er at folk må stå til rettes viss dei har gjort noko som er ille nok. Dette er i samsvar med folk si rettskjensle. Ingen har så langt kunna forklart oss kvifor dette skulle vera annleis, moralsk sett, i dette tilfellet. Jussen i saka får i første omgang advokat Elden – og seinare ei ev. rettssak – finna ut av.

   Ja, systemet er dårleg, og det er difor me no vil prøva å byggja opp noko nytt i Samnanger, samtidig som me vonar på endringar frå sentralt hald. Men når systemet er dårleg – og så hermetisk lukka – krevst det endå meir at folka i dette systemet er gode og ikkje gjer grove overtramp. For det denne saka handlar om, er ikkje vanlege, daglegdagse feil som alle kan gjera. Nei, her det snakk om handlingar, som ein med grunnlag i rapporten kan seia har øydelagt barndom og ungdom for menneske.

   Så får me endå ein gong understreka at kommunestyret ikkje har vedteke at me
skal gå til rettssak. Det vil verta avgjort til hausten på grunnlag av dei juridiske vurderingane til Elden, men økonomien til Samnanger vil sjølvsagt òg vera eit viktig moment.

Knut Harald Frøland, Bl
Odd Arne Haga, Frp
Knut L. Høibraaten, Bl
Karl Bård Kollbotn, Frp
Linda Haug Kollbotn, Frp
Anja Elisabeth Gjerde Markhus, Bl
Gunn Totland Moss. KrF
Øyvind Røen, Sp
Monica Tjønna, Sp
Lena Tveit, Bl
Solveig Vassenden, Bl


**




Se også


Samnanger bryter med Bergen: Etablerer egen barneverntjeneste
Norge IDAG, 19 juni 2020

Øyvind Røen:
Barnevernet i Bergen
MHS's hjemmeside, 16 juni 2020

– Barnevernet forsøker å undergrave knusende rapport
tv2, 22 juni 2020

Sluttrapport
Gransking av tre barnevernsaker
Samnanger kommune

Samnanger kommune, 15 april 2020, oppdatert 5 mai 2020

Knut Inge Røen:
"Tilgjevelege feil"
MHS's hjemmeside, 13 mai 2020

Nils Morten Udgaard:
Norge og det "sivile samfunn"
MHS's hjemmeside, 10 november 2016

Onar Aam:
The hidden news from Cologne
MHS's home page, 27 January 2016

Sylvia og Gottfred Haga:
Det har vore ein sju år lang kamp
MHS's hjemmeside, 6 september 2020

Marius Reikerås:
Til Ordføreren i Bergen: Varsel om oversendelse av Samnanger-sak til EMD
MHS's hjemmeside, 5 juli 2020

Elden skal finna ut om kommunen kan saksøka eigne tilsette
nrk Vestland, 6 mai 2020

Advokatfirmaet Elden ved advokatene Nadia Halla og John Christian Elden:
Vurdering av søksmål, 20 august 2020
Samnanger kommune, uten egen dato for publiseringen

Ordføreren i Samnanger: – Skuffet på vegne av ofrene
Norge IDAG, 27 august 2020

Rapport og artikler om barnevernet i Samnanger
ved Marianne Haslev Skånland
MHS's hjemmeside, oppdatert sist 4 september 2020



*