*
13 oktober 2016
'Naustdalfamilien' må få vere i fred
Av Ruth L. Hafstad
Tante og grandtante
•••
Artikkelen har stått i avisen Vårt Lands papirutgave den 8 oktober 2016. Den er gjengitt her med forfatterens velvillige tillatelse.
•••
Som tante og grandtante til "Naustdalfamilien" vil eg endeleg uttale meg. Det kom som eit sjokk – ubegripeleg og uforståeleg – at denne familien skulle bli råka av barnevernet. Eg har kjent familien i mange år og opplevd dei som svært flinke og gode foreldre, med omtanke både for sine eigne og alle andre. Barna var svært tillitsfulle, frie, glade, trygge og kreative. Vi har aldri høyrt eller sett noko som skulle tilseie inngrep av barnevernet.
Både mor og far har vokse opp i trygge, gode og solide familiar – og vi kjenner ikkje til vald. Ei overskrift var: "Kan ha vore utsett for vald i 5 år". Det høyrest forferdeleg ut for oss som kjenner familien. Kva inntrykk gjev ein lesarane med slike overskrifter? Ein kan då lett tenkje på dei som kriminelle barnemishandlarar, noko som er langt frå sanninga. Det finst ikkje ord for kor feil dette er.
Solid familie
I lengre tid budde familien i huset hos søstera og svogeren min, medan deira eige hus, i same tun, vart restaurert. Både dei som restaurerte huset deira og andre har budd saman med familien i heimen deira over tid, men ingen av desse har nokon gong høyrt eller sett noko som skulle tilseie valdeleg oppseding. Tvert imot har det blitt sagt at "dette er verdas snillaste familie".
Desse foreldra er ærlege og nøye med alt. Det som kan kallast ein liten klaps, vert slått opp som vald. Det kan sjå ut som om nokon "vil dei til livs" eller prøver å øydeleggje familien. Eg er svært glad for at dei har si forankring i Jesus Kristus og byggjer sitt liv "på fjell". Det må vere mykje verre for barna å bli "kidnappa" frå foreldra og skilje sysken og plassere dei hos framande. Kva traumer har det skapt for borna?
Redde
No når alle er samla igjen, er borna blitt redde for å bli "kidnappa" igjen, som ein av dei sa. Dei vart redde for igjen å misse foreldre, sysken, familie og venner. For å skåne borna valde foreldra å flytte, noko som har gjort dei tryggare, men traumene barnevernet påførde familien, vil nok alltid følgje dei. Dette er svært vondt.
Her skal framande uttale seg, som ikkje har levd i kvardagen saman med dei og fylgt dei oppover. Er det ikkje på tide å innrømme feil, audmjuke seg og la familien vere i fred?
Denne familien har skapt ein god heim, utan rus, røyk og banning. Her har vore passe faste rammer, masse kjærleik, glede og fred. Eg skulle ønskje at dei kunne ha fått vore i fred på denne fantastisk fine plassen dei hadde etablert seg på, med trygge menneske rundt seg, utan å frykte frå "ulvane" som fer omkring. Dei er trygge og glade hos alle sine kjære og nære, men ikkje for "inngriparane".
**
Se også
The five children of a Romanian family taken in Norway
Forum Redd Våre Barn (Rescue Our Children), thread with articles and comments 21 November 2015 – 2 January 2018
Inger Elisabeth Baunedal:
Barnevernet "utgått på dato"?
Det er noko gale med grunnen barnevernet står på, og då tenker eg på menneskesynet og synet på familien.
MHS's hjemmeside, 6 desember 2016
Ottar Steinhovden:
Demonisering
MHS's hjemmeside, 27 april 2016
– : Informere om norsk barnevern i utlandet
MHS's hjemmeside, 27 april 2016
Per Storegjerde:
Barnevern i Norge og Naustdal
MHS's hjemmeside, 18 februar 2016
– : Enno meir barnevern
MHS's hjemmeside, 15 april 2016
Marianne Haslev Skånland:
Professional support for the Bodnariu family and other victims of Barnevernet
MHS's home page, 29 February 2016
– : Europarådet med kritisk rapport om europeisk barnevern
MHS's hjemmeside, 3 / 4 juli 2018
– : De fem barna til en rumensk-norsk familie tatt av barnevernet i Norge
MHS's hjemmeside, 21 november _ 18 desember 2015
*